AKTUELLE SAKER

FUSA NÆRINGSLIVSLAG - laget for handverk, industri, handel og transport

 

Årsmøte 20.04.2017

 

Torsdag 20.4.17 var det årsmøte i Fusa Næringslivslag

 

TEMA I FORKANT AV MØTE VAR: "Kommunesamanslåing og næringsliv"

 

Kva vil kommunesamanslåinga bety for bedrifter i Fusa?Marie Bruarøy, ordførar i Os, og Magne Djuvik, varaordførar i Fusa delte sine tankar om betydning, utfordringar og muligheter for næringslivet i ein ny samanslått kommune.

 

Marie Bruarøy frå Os innleia med å sei at osingane gjerne vil samarbeide med Fusa Næringslivslag, og at Os har lyst til å lære av Fusa. Ho viser til at Fusa ligg høgt på Telemarksforskning si måling om næringsattraktivitet: Fusa: 62.plass, Os: 190.plass.

Ho peika på at Fusa t.d har mykje areal, men at Os har ei større utfordring her.

Magne Djuvik ser for seg at næringslivsorganisasjonane i dei to kommunane skal ha ei større rolle i det med næringsutvikling. Det skal være minst like godt i Bjørnefjorden kommune som i Fusa i dag!

Dei to meiner det er viktig å treffast og å vera rause med kvarandre.

Dei var elles innom Bjørnefjorden Grunderpark (også for Fusingar!), intensjonsavtalen mellom Os og Fusa som regulerer fleire forhold; t.d veg, skule osv. , akvaplan, regional tømmerkai på Samnøy, planleggingsmidlar ifm bru mellom Os og Fusa.

 

Ordføraren i Os, avslutta med at hovedbudskapet i samanslåingsprosessen kan oppsummerast i to ord: RAUS og RYDDIG!

 

 

 

 

 

Helland Hogst AS - årets bedrift 2015

 

Fusa Næringslivslag hadde i år tatt opp igjen praksisen med å kåra "årets bedrift i Fusa". Styret var samrøystes på Rune Helland og hans bedrift Helland Hogst AS. Også fleire gode kandidatar var aktuelle, så det er mykje flott næringsaktivitet i kommunen vår. Ein glad og overraska prisvinnar fekk utdelt prisen på julemøtet 03.desember 2015. Leiar i næringslivslaget, Ivar Hellebø, delte ut ein gåvesjekk på kr 5 000! Meir informasjon om bedrifta Helland Hogst AS kan du finna her:Hellandhogst.no

Årsmøte og vegmøte - 21.04.2016

 

Den 21.april var det årsmøte i Fusa Næringslivslag. Omlag 25 medlemmar møtte. I forkant av møtet var det ope møte om samferdsle. Her var bl.a E134 - Hordalandsdiagonalen tema. Spørsmålet var "kan Hordalandsdiagonalen og E39 indre trasé smeltast saman? "Dei frammøtte fekk høyra engasjerte innlegg frå blant anna dagleg leiar Arnfinn Førsund i Hordalandsdiagonalen AS, og Geir Magne Johnsen, Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, samt ordførar Atle Kvåle. . Det var også høve til debatt og å stilla spørsmål.

 

Julemøte 2015 hjå Øystein Boge AS og Bogøytunet

 

Tradisjonen tru vart det også i år arrangert julemøte i regi av Fusa Næringslivslag. Fredag 03.desember var det Øystein Boge AS som hadde åpna dørene for oss.

Omlag 50 personar fekk fyrst ei flott omvisning i bedrifta, deretter nydeleg reinsdyrsteik m/tilbehør i Bogøytunet.

Flyktningekoordinator Knut Venge frå Fusa kommune og Hanne Lygre, leiar i NAV Fusa orienterte rundt tema "Flyktningar og næringsliv".

 

 

Referat og info om strategidag, Næringsalliansen

Vi får følgende info fra Bergen Næringsråd/ Næringsalliansen:

 

 

Vedlagt finner dere referat med vedlegg fra møtet i AU 22. mai.

 

Neste samling blir 2. september. Da inviterer vi hele Næringsalliansen til en strategidag. Vest Næringsråd v/Per har sagt ja til å være vertskap denne dagen, så da går turen ut til Sotra. Vi har booket et møterom på det nye Sartor Senter. Strategidagen starter kl. 10, og vi avslutter kl. 15.

Det er viktig at alle kommer denne dagen siden vi skal bruke møtet til å stake ut kursen for Næringsalliansen framover. Som dere ser av referatet, vil vi bruke vedlagte modell som et utgangspunkt for diskusjonene. Dere kommer også til å motta en Questback før sommeren der dere blir utfordret på noen av temaene i modellen......

.....

Referat AU-møte 220515 Næringsalliansen Marit Warncke Arbeidsmodell strategidag

 

@StigRyland

Næringspolitisk rådgiver

Bergen Næringsråd

Tel: 970 33 249

stig@bergen-chamber.no

Interaktivt kart E39 med moglege tilførselsvegar

 

Frå samferdselsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune får vi fylgjande påminning:

 

Det er lagt ut eit interaktivt kart med lenkje til omtale i utkast til planprogram for E39, samt og lenkje til omtale i Sweco-rapporten for dei trasealternativa som vart vurdert i moglegheitsstudie for fylkesvegar knytt til E39.

Dette håpar vi er til hjelp i arbeidet med planprogrammet.

Vi tek gjerne imot kommentarar til dette og andre oppslag på www.hordaland.no/hordfast.

 

Konferanse 4.juni om Hordfast

 

Frå samferdselsavdelinga i Hordaland Fylkeskomme får vi fylgjande invitasjon til Hordfastkonferansen:

 

Vegnemnda til Fusa Næringslivslag er invitert og vil vera til stades under konferansen.

 

 

Hordfastkonferanse program

Informasjon frå møte i Næringsalliansen

Fusa Næringslivslag er medlem i Bergen Næringsråd - næringsalliansen. I den forbindelse var leiar Ivar Hellebø tilstades på eit møte der tema blant anna var "handlingsplan 2015", gjennomførte tiltak 2013-2014, samt Vestlandsundersøkelsen 2015 (som du også finn informasjon om på sida her.) Vedlagt er to innlegg frå møtet, samt oppsummering 2013-2014.

 

Marit Warncke 060515 Mette Nora Sætre -060515

 

Næringsalliansen i 2013-2014

 

 

 

Vestlandsundersøkelsen

Vestlandsundersøkelsen er eit samarbeid mellom næringsforeningane på Vestlandet, foretatt i bedrifter i Rogaland og Hordaland. Resultata er tilsendt oss på e-post og i vedlagte rapportar kan du lese om resultata frå undersøkinga

 

Undersøkelse Vestlandet Samanlign Fusa&andre

Arealplanarbeidet:

Status for næringsdelen til arealplanen pr april 2015:

* Konsekvensutgreiinga er ferdig (eksterne konsulentar)

* 23.april: UPM (utval for plan og miljø) skal handsama planframlegget (kart, føresegner, retningslinjer og planomtale)

* 7.mai: handsaming i kommunestyret

* mai-juni 2015: planen skal ut på høyring. 6 vekers frist.

* 15.oktober: godkjenning av Fusa kommunestyret.

 

 

Årsmøte Fusa næringslivslag 2014

Fusa Næringslivslag heldt årsmøte på Fusa vgs onsdag 150415.

 

Referat her

 

Årsmelding 2014. Rekneskap 2014 Budsjett 2015

Medlemsmøte om ny kommunereform

I forkant av årsmøtet i Fusa Næringslivslag den 1504, var ordførar og rådmann invitert til å halda eit innlegg om den nye kommunereforma. Møtedeltakarane fekk høve til å diskutera ulike utfordringar, muligheter og alternativ. Ei engasjert forsamling under gruppearbeidet gav innspel som politikarar og kommuneadministrasjon tek med seg vidare.

Fusamesso:

21.januar 2015 blei det arrangert Fusamesso på Fusa vidaregåande skule. Arrangørar er: Fusa Næringslivslag, Fusa kommune, Fusa Utviklingsselskap og Fusa vgs. Med godt samarbeid med næringslivet blei dette ei vellukka messe, som i år gjekk på kveldstid.

I alt om lag 40 skular og bedrifter i Fusa og nabokommunane stilte opp for å gje ungdommane - og framtidas arbeidskraft - eit godt grunnlag for å ta eit best mogeleg val når dei skal søkje utdanning !

Sjå meir på fusamesso.no

ADRESSE:

Fusa Næringslivslag

v/ leiar Kjetil Hestad

mobil: 92444460