VEDTEKTER

FUSA NÆRINGSLIVSLAG - laget for handverk, industri, handel og transport

Vedtekter for Fusa Næringslivslag

 

1. Navn

Laget sitt navn er Fusa Næringslivslag

 

2. Føremål

Laget skal fremja medlemmane sine, faglege- og økonomiske, samt samfunnsfaglege interesser ovanfor både lokale og sentrale styresmakter. . Laget skal også arbeida for å styrkja den faglege utviklinga og arbeida for gode sosiale tilhøve mellom medlemmane. Laget skal også tilretteleggja for vekst både for gamle og nye verksemder.

 

3. Medlemmer

Medlemmer som skal takast opp:

1a: Sjølvstendige næringsdrivande innan handel, handverk, industri, transport eller andre bransjar som har felles interesse i å fremja næringslivet i kommunen.

1b: Personar som på grunn av si utdanning, stilling, interesse eller verksemd har tilknytning til næringslivet.

2: Æresmedlemmar kan utnevnast av generalforsamlinga etter innstilling frå styret når vedkommande har lagt ned eit særleg verdifullt arbeid for å fremja laget sine føremål.

 

4. Inn- og utmeldingar

Søknad om opptak som medlem skal meldast til og vert avgjort av styret. Utmelding skal skje skriftleg til styret.

 

5. Kontingent

Den årlege kontingenten skal fastsetjast av årsmøtet, og skal vera betalt innan utgangen av juni måned.

 

6. Styret

Laget vert leia av eit styre på 5 medlemmer med 3 numeriske varamedlemmer, alle valde av årsmøtet. 1. varamann vert kalla inn til alle styremøter. Formannen vert ved særskild val vald for eit år om gongen. Dei andre styremedlemmene vert valde for 2 år om gongen. Varafolk, revisor og andre for eitt år om gongen. 2 av styremedlemmene står på valg kvart år, det første året etter loddtrekning. Styret vel sjølv nestformann, kasserar og sekretær.

 

Styret er vedtaksfør når minst 3 medlemmer er til stades, av desse formann eller nestformann. Styret held møte så ofte som formann eller minst 2 styremedlemmer krev det. Det skal skrivast møtereferat.

 

7. Styret sine oppgåver

Styret planlegg og leiar laget sitt daglege arbeid, utformar arbeidsprogram og organiserer møteverksemda i samsvar med laget sitt føremål. Det har ansvar for laget sin økonomi og avgjer alle saker der avgjerdsla ikkje ligg under medlemsmøte eller årsmøte.

 

Styret skal elles:

1) handsama årsrekneskapen og leggja denne fram for årsmøtet

2) føreslå årskontingent og utarbeida budsjett for komande år og leggja dette fram for årsmøtet.

3) førebu og avgje innstilling i andre saker som skal leggjast fram for årsmøtet.

 

8. Formannen

Formannen, eller i hans fråvær nestformannen, leiar styret og medlemsmøta. Han bind foreininga ved si underskrift og har anvisningsfullmakt. HAn representerer foreininga utad.

 

9. Medlemsmøter.

Medlemsmøter bør haldast min 2 gonger kvart år. Formannen skal på medlemsmøta referera dei sakene som styret har handsama, gje melding om nyopptekne medlemmer, samt orientera om saker av interesse.

 

Styret kan vidare, etter føregåande handsaming, framleggja saker til uttale eller avgjerd.

På møta har medlemmane rett til å få opplysningar om og gjera merknader til laget sitt arbeid og andre tilhøve. Det skal førast møtebok som skal underskrivast av formann og sekretær.

 

10. Årsmøte

Årsmøte er laget sitt høgste organ og skal haldast kvar år innan utgangen av februar. Det skal sendast skriftleg innkalling til alle medlemmer med min. 14 dg varsel. Med innkallinga skal sendast saksliste, årsmelding og rekneskap.

 

Berre frammøtte medlemmer kan røysta.

 

Årsmøtet er vedtaksført når minst 1/4 av medlemmane er til stades. Dersom eit mindre antal møter fram, skal styret krevja nytt årsmøte. Dette vert vedtaksført uansett frammøte.

 

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret eller minst 1/4 av medlemmane krev det.

Berre dei saker som står i innkallinga skal handsamast.

 

11. Årsmøte skal

Årsmøtet vert leia av møteleiar som skal veljast av dei frammøtte medlemmene:

A: handsama og godkjenna årsmelding

B: handsama og godskjenna årsrekneskap

C: fastsetja kontingent og vedta budsjett

D: føreta val av formann, styremedlemmer og varamedlemmer

E: velja revisor

F: fastsetja evnt instruks for styret og revisor.

G: handsama saker framlagt av styret, herunder vedtekter og endring av desse.

H: Velja valgkomite på 3 medlemmer.

 

Alle valg skal skje skriftleg dersom nokon krev det.

Saker som nokon ynskjer å ta iopp på årsmøtet til vedtak, må vera meldt styret innan utgangen av januar.

 

Saker som ikkje står på sakslista kan takast opp til drøfting, men ikkje til vedtak.

 

Møteboka skal skrivast under av to personar valde av årsmøtet.

 

12. Faggrupper

Styret peikar ut medlemmer til faggruppene, innan industri, handel, handverk, transport, samt samfunnsspørsmål (infrastruktur). Desse gruppeene skal i samsvar med føremålsparagrafen arbeida for laget sine fagområder.

Faggruppene gjev uttale/ tilråding til styret.

 

13 Endring av vedtekter

For endring av laget sine vedtekter krevst det 2/3-dels fleirtal av dei frammøtte (jf §10). Alle andre avrøystingar vert avgjordt ved vanleg fleirtal. . Vedd kujt stemmetal gjer formannen si stemme utslaget.

 

14. Oppløyrsng av laget.

Fusa næringslivslag kan berre verta oppløyst etter framlegg til styret innan utgangen av kalenderåret. Det må kunngjerast i innkallinga til årsmøte, der det krevst 2/3 fleirtal for å verta vedteke.

Ved oppløysing av Næringslivslaget avgjer årsmøtet korleis midlane til laget skal nyttast.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ADRESSE:

Fusa Næringslivslag

v/ leiar Kjetil Hestad

mobil: 92444460